CC Cowboys speler på Tysnesfest fredagen neste år. (Foto: Raymond Morgen)

Tysnesfest slepp to band til

Begge har spelt i 30 år når dei kjem til Gjerstad i 2020.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I midten av juli, etter årets Tysnesfest, fortalte festivalleiinga om 700 fleire gjestar enn i fjor, ny rekord i hamna og ny rekord på campen.

Til saman var det 4.996 torsdag (tidenes beste torsdag), 4.280 fredag og 6.196 inne på Gjerstad arena laurdag.

Samtidig sleppte arrangørane første namn til neste års festival, Andreas «TIX» Haukeland.

I dag slepp festivalen to namn til:

CC Cowboys speler på Tysnesfest fredag neste år, Hellbillies torsdag.

– Det er utruleg kjekt å koma skikkelig i gang med artistslepp, og spesielt å kunne lansere desse to banda, som har gjeve oss svært kjekke opplevingar på Gjerstad tidlegare, seier festivalsjef Sigvard Madsen.

300 earlybird-billettar blei lagt ut dagen etter årets festival, og dei forsvann på mindre enn eit sekund.

– No legg me ut «Earlybird-trinn 2». Me legg òg ut camp- og hamnebillettar.

– Me har allereie mange fleire namn som er bekrefta, så det er berre til å følgja med framover! 

Dette skriv Tysnesfest om dagens slepp:

CC Cowboys er levande legender i norsk rock. Det skulle vera nok å nemna låtar som «Vill, vakker & våt», «Tigergutt» og «Harry». CC Cowboys har dominert norsk rock med utallige kjempehits dei siste 30 åra. Bandet blei stifta i Fredrikstad i 1990, og det første albumet hadde tittelen «Blodsbrødre». På Spelemannsprisen samme år blei CC Cowboys kåra til Årets nykommer.

– CC Cowboys er eit band som har hatt en høg marsjfart - lenge. Me er ei klokke som står stille. Me går riktig to ganger i døgnet. Me definerer ingenting lengre. Me er ikkje den nye vinen. Me er eit av dei gamle banda som aldri gjev opp. Me er dei som bare fortset og fortset. Me er CC Cowboys, seier vokalist Magnus Grønneberg.

Sommaren 2018 kom bandets ellevte studioalbum «Perfekt Normal», og der går bandet tilbake til røttene. Dei reindyrkar det dynamiske og direkte uttrykket vi kjenner frå scenen.

Bandet består i dag av Magnus Grønneberg, Jørn Christensen, Per Vestaby, Agne Sæther og Kyrre Fritzner. Grønneberg og Sæther har vore med heilt frå starten.

CC Cowboys gjesta Tysnesfest sist i 2012, og det er ei sann glede å ønske dei velkommen tilbake til Gjerstad arena fredag 10. juli 2020.

Hellbillies var her sist for berre to år sidan, men Hellbillies og Tysnesfest er perfekt match, og sidan dei i 2020 skal feira 30 år var det ganske sjølvsagt at me skulle invitera dei tilbake i jubileumsåret.

Hellbillies er er eit av landets aller beste liveband, og dei har dominert hitlistene i Noreg sidan den forsiktige starten i 1990.

Monsterhiten «Den finaste eg veit» har over 25 millionar strøymingar på Spotify. Men det er ikkje den einaste låten dei er kjende for. «Ei krasafaren steinbu», «20 år på vegen», «Råka tå ei pil» og «Mørkemann» har alle vore høgt oppe på hitlistane og massivt spelt på radio.

I 2016 sleppte dei sitt foreløpig siste album, «Søvnlaus». Hellbillies har gitt ut ti studioalbum og fire konsertplater i tillegg til eit samlealbum. Dei fleste har selt til gull eller platina. Bandet har vunnet tre spelemannsprisar, og blei mellom anna kåra til Årets spellemann i 2007.

Hellbillies består i dag av Aslag Haugen, Lars Håvard Haugen, Bjørn Gunnar Sando, Lars Christian Narum og Egil Stemkens.

Fleire saker