Sport | 21. apr. 2010

Uavgjort i Åsane

I fjor blei det 7-0-tap for Åsane, i årets serieopning var det Os junior som dominerte eliteoppgjeret.

Uavgjort i Åsane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. apr. 2010 08:14

Os junior elite fekk i går sin seriestart på bortebane mot Åsane. Kampen enda, som A-laget sin, 2-2.

Os tok leiinga i 25. minutt, heimelaget utlikna rett før pause. I andre omgang tok Åsane leiinga før Os utlikna eitt minutt før full tid.

Stian Helland skåra det første målet på eit langt oppspel etter kontring av Espen Kopperud. Utlikninga kom på corner. I andre omgang lagde Os eit unødvendig straffe, som blei redda, men gjeve målgjerande retur på.

Espen Kopperud skåra 2-2-målet etter at Daniel Leikvoll hadde spelt han gjennom.

- Ein god start
I fjor var juniorlaget prega av at mange av spelarane ver henta opp på til seniornivå, og det blei nokre stygge tap i dei første rundane.

- Det blei 7-0-tap for Åsane i 2009, i går var det vi som styrte kampen, seier Leif Gunnar Borgen, som er med i trenarapparatet til juniorlaget.

- Vi tok leiinga i første omgang, og slik kampen utvikla seg så hadde vi fortent å vinna. Gutane jobba veldig godt og følgte det vi hadde blitt einige om på førehand til punkt og prikke. Dette var ein god start, meiner Borgen.

Det er framleis Øyvind Steffensen som er hovudtrenar for Os junior elite.

Os sitt lag mot Åsane (4-4-2): Fredrik Sælen, Espen Lie, Børge Borgen, Henrik Takle Eide, Kristian Tysseland, Stian Bakke, Joakim Bjørnevik, Espen Kopperud, Tor Erik Berge, Stian Helland og Daniel Vevatne.
I 2. omgang blei desse byta innpå: Johannes Jordal, Daniel Leikvoll og Stian Dale.

Neste kamp blir på heimebane mot Brann tysdag 27. april kl 20.00

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.