Sport | 23. sep. 2010

Uavgjort i publikumskampen

Lysekloster-jentene tok imot Os til lokaloppgjer sundag. Gjennom facebook hadde båe laga gjort sitt for å rekruttera supportarar.

Uavgjort i publikumskampen
Andris Hamretorsdag 23. sep. 2010 07:34

Det er alltid kntt stor spenning til lokaloppgjer, så òg når Lysekloster og Os møttes til oppgjer i jenteklassa. Jentene på dei to laga kjenner kvarandre godt og hadde drive psykologisk krigføring på facebook og msn i forkant av kampen.

Begge laga hadde lagt ned ein betydeleg innsats i å rekruttera flest mogleg supportarar til kampen. Helst gutar i same alder.

- Stemninga var godt hausa opp og eg trur jentene mine blei litt psyka ut av at Lysekloster hadde klart å få med seg så mange supportarar, fortel trenaren til Os, Ragnhild Eide.

- Jentene trudde det var dei gutane kom for å heie på, men så viste det seg at det var Lysekloster som hadde vunne kampen om å hausa opp stemninga på førehand, seier ei smilande Ragnhild.

Uavgjort eit greit resultat
På banen var det mer jamnspilt. Ragnhild Eide fortel om to nervøse lag som entra banen. Det var tydeleg at ingen av dei var vant til å spela for så mange tilskodarar.

Os tok leiinga 1 - 0 tidleg i kampen og heldt den til eit par minutt gjensto, då utligna Lysekloster til 1 - 1.

- Det var eigentlig eit heilt greit resultat når vi ser kampen under eitt, avsluttar ostrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.