Uavgjort mot Bjarg
Os starta haustsesongen med 1-1 i det vanskelege borteoppgjeret mot Bjarg. - Vi skal vera nøgd, meiner Sperrevik.
Etter sommerpausen var det igjen tid for seriekamp for Os. Haustsesongen starta som vårsesongen mot Bjarg, ein kamp motstandaren ikkje var interessert i å ta styringa over.
- Dei lar oss ta styringa og satsar i staden på brot, forklarer Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.
Bjarg-Os 1-1 (0-0)
Målskårar: Preben Borgen
Os sitt lag: Anders Kloven, Torkel Hjertnes, Stian Lunde, Per Søgnen Merai, Tor Erik Berge, Tore Valvik, Anders Kinden, Preben Borgen, Erik Kanestrøm, Ramo Racic, Christer Olsen. Børge Borgen og Espen Kopperud kom inn som innbyttarar.
Blir utålmodige
Den første halvdelen av første omgang er Tim godt nøgd med.
- Då er vi tålmodige og speler oss til ein del halvsjansar.
- Etterkvart blir vi utålmodige og får brot imot, noko som gjer at Bjarg speler seg til halvsjansar.
- Første halvdel er godkjent, andre er det ikkje, oppsummerer Sperrevik.
Ikkje på i starten
Starten på andre omgang blir svart sett med Os-auge.
- Dei første 6-7 minutta er vi ikkje på i det heile tatt. Det utnyttar Bjarg til å ta føringa med eit fantastisk mål.
- Eg trur ikkje han Bjarg-spelaren klarer å gjera det der ein gong til, seier Sperrevik om målet som kom etter eit innlegg kor Bjarg-spelaren får stå umarkert på hjørnet av 16 meteren og klinkar ballen på volley oppe i det lengste krysset.
Klabb og babb gav mål
Etter 0-1 kjem Os meir med i kampen igjen og tar over spelet. Målet kjem etter ei avslutning frå Christer Olsen som keeper må gje retur på. Deretter får Os ein sjanse til som også kjem i retur, før Preben Borgen får ballen over mållinja.
- Siste del av kampen blir rotete med to lag som begge vil ha tre poeng, men som ikkje evnar det.
- Sjølv om vi skulle hatt tre poeng skal vi vera nøgd med eitt poeng i kveld, analyserer Sperrevik.
- De har etablert "Fort Kuventræ", med siger i alle heimekampane. Kvifor får de det ikkje til borte?
- Vanskelege å seia, men ein grunn kan vera at dei fleste vi møter speler på kunstgrass.
- For oss er det uaktuelt å trena på kunstgraset på Kuventræ for å førebu oss. Det trur eg berre vil gje skadeproblem. I tillegg er det så stor forskjell på kunstgrasa at det likevel ikkje vil hjelpavesentleg.
- Oppsummert kan du vel seia at det er heimebanefordelen som slår ut for dei, som for oss, avsluttar Sperrevik som allereie på laurdag skal leia Os i kamp mot Åkra på Kuventræ.
Med uavgjort ligg Os på tredjeplass, to poeng bak Arna-Bjørnar.