Sport | 26. mai 2010

Uavgjort på Fitjar

Søre Neset er tilbake i slag, men klarte ikkje å vinna i medvind.

Uavgjort på Fitjar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. mai 2010 05:54

Søre Neset har spelt fire kampar dei siste 14 dagane. Etter arbeidsuhellet med poengdeling med Minde i førre runde var dei måndag tilbake i storslag, men dei klarte ikkje å ta full pott på den store grasbanen til Fitjar.

- Men vi er tilbake der vi skal vera, vi styrte kampen og skapte mange sjansar. Fitjar-keeperen bør vera nøgd med seg sjølv etter denne dagen, meiner Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.

Gjestane fekk eit mål imot på eit frispark som kom i ein spesiell boge etter å ha vore borti muren deira. 1-0 kom i 7. minutt. Søre Neset utlikna ved Tore Kinden 4 minutt ut i andre omgang.

Kampen enda 1-1 (1-0).

- Spelemessig var dette ein strålande bortekamp. Litt synd å mista poeng når Krabbetor, som vi truleg kjem til å kjempa om opprykk mot, vann sin kamp, men det er mange rundar igjen.

Hufthammer skadd
Søre Neset har hatt ein del spelarar ute med skade til no i sesongen. Måndag måtte Kenneth Hufthammer av banen.

- Han har fått ein stygg strekk i låret, dessverre. Men vi får fokusera på dei som er friske og håpa at både Kenneth og Ørjan Håland, som nyleg skadde seg, snart er tilbake.

Søre Neset sitt lag (4-3-3):
Anders Kloven
Forsvar, frå høgre: Frank Haugland - Kenneth Hufthammer - Ørjan Bakke - Kjetil Henriksen
Midtbane, frå høgre: Torbjørn Hjelle - Andreas Pettersen - Emilis Kazinskis
Angrep, frå høgre: Øystein Lien - Tore Kinden - Anders Kinden

Innbytarar med speletid i kampen: Robin Hjertnes, Niklas Linde, Erlend Eidhammar og Jan Einar Strand.

SJÅ TABELL

Førstkomande måndag speler Søre Neset heimekamp mot Nordnes. Nordnes har til no vunne to, tapt tre og spelt uavgjort i to kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.