Lokal | 27. nov. 2020

Uhell mellom buss og lastebil

Politiet rykte ut til Hegglandsdalen fredag morgon.

Uhell mellom buss og lastebil
Politiet rykte ut til Hegglandsdalen fredag morgon. (Lesarbilde, foto: Åsmund Lien)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. nov. 2020 07:51

Fredag klokka 08.43 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Hegglandsdalsvegen.

– Ein buss og ein lastebil skal ha vore borti kvarandre, opplyser politiet.

Uhellet skjedde nær Hegglandsdalen barneskule. To patruljar rykte ut, dei er no på staden.

OPPDATERT: Det skal ha vore ein liten samanstøyt mellom lastebil og buss. Bussen hadde ingen passasjerar, og ingen av sjåførane er skadd.

– Det var noko språkutfordring med utanlandsk førar av lastebil, men det blir ikkje oppretta sak. Det står ikkje notert noko om årsak til uhellet, men partane fyller ut skademeldingsskjema, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Patruljen har heller ikkje notert noko om lastebilen var for lang i forhold til maksgrensa på vegen, som er 12 meter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.