Næringsliv | 05. juni 2010

Ulikt ramma

Godsstreiken var fredag kveld over. Nokre bedrifter fortel om tomme hyller, andre har funne løysingar.

Ulikt ramma
Andris Hamrelørdag 05. juni 2010 07:20

Streiken ved godsterminalane starta 15. mai og blei trappa opp til 1800 streikande. Fredag ettermiddag, nokre timar før streiken var over, tok v ein ringerunde til nokre av butikkane i Os.

Nokre mangla varer i hyllene, andre har grossistar og hovudlager som leverer direkte. Mykje tydar på at det er dei mindre butikkane som slit mest.

Håper å rekke fotball-VM
- Eg har fleire TV og dekodarar ståande på terminalen i Oslo som eg ikkje får levert, mellomanna ein 55-tommar kunden vil ha til fotball-VM, fortel Leif-Idar Røen hos Lehrmanns.

Han håpte i ettermiddag at streiken snart var over slik at fotball-VM også kan gå i stort format.

Hos konkurrenten Elkjøp fortel dei at varer dei får frå hovudlageret i Sverige kjem som normalt, medan varer som må via omlasting i Bergen blir ståande.

Skulle spleisa på bil
Elitefotobutikken Kolaas Foto saknar både fotoapparat å selja og papir og kjemikalier til framkalling av bilde.

- Det byrjar å bli tom i hyllene no, særleg på speilrefleks. Eg har snakka med kollegaer ulike plassar i Bergen, dei slit som oss med varer til minilab-en som vi framkaller bilde med. Det har gått med ein del papir til alle takkekorta etter konfirmasjonanen, fortel Kjell Kolaas (bildet).

- Vi hadde akkurat byrja å diskutera bestilling av lastebil til henting av varer i Oslo då vi fekk med oss at det gjekk mot ei løysing. No håper eg at vi får inn varer onsdag eller torsdag neste veke.

Går betre no
- Hadde du ringt rett etter at streiken byrja, så hadde eg nok stått i hylekoret, men no har det løyst seg, seier Tor Owe Rennemo hos Musikkverket & Playcom.

Grossistane i Bergen får levert musikk og film direkte frå Sverige.

- Vi har heldigvis fått det vi skal ha, det er berre nokre spel som kjem frå andre leverandørar eg ikkje har fått.

Meir bekymra for skattepengane
Tove Nybø Johansen hos Olivia på Amfi Os fortel at ho får varene levert med Posten som normalt.

- Eg var litt spent til å byrja med, men har fått varer til vanleg tid. Eg fekk mellom anna inn nye varer i dag.

- Men eg er uroa over streiken på skattekontoret. På denne tida av året er det mange som nyttar skattepengane til å fornya garderoben før sommaren. Om det tar tid før dei blir utbetalt kjem vi til å merka det, trur Nybø Johansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.