Kultur | 08. jan. 2011

Ulikt ramma

Medan Bar2Be merkar lite til at det har kome ny uteplass på Os legg Opus om stilen.

Ulikt ramma
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. jan. 2011 07:03

- Vi har førebels merka lite til at Irish Cat har opna, seier Marianne Curtis hos Bar2Be.

Ei veke før jul, fredag 17. desember, var det opningsfest på den store nye nattklubben Irish Cat. Den same kvelden var det fullt hus med Bone Shakers på Bar2Be.

- Også i jula var det travelt, og LIVE-jam, som vi nyleg har starta, samla ein god gjeng første torsdagen i januar.

- Eg har høyrt at Irish Cat har ein del eldre gjestar, medan vi har ein del yngre. I tillegg har vi mange faste, musikkinteresserte osingar i klientellet vårt, så eg trur vi skal klara oss bra trass i ny konkurrent, seier Curtis.

Meir for 18-åringar
Bar2Be har delt nattklubben sin i to avdelingar og har både 18- og 20-årsgrense. Irish Cat har 20-årsgrense, noko Opus til no også har hatt fram til no.

- Vi har merka at Irish Cat tar mange gjestar frå Opus, så frå denne helga endrar vi til 18-årsgrense også fredag og laurdag, seier Espen Risti.

Opus-eigar Risti, som også er medeigar på Irish Cat, vil samstudes halda på opningstidene med skjenking til klokka 3.

- Kva med husiegar, som kravde at de sluttar med nattklubb frå og med 1. januar i år.

- Eg har dialog med styret og vi skal ha eit møte no i januar. Eg trur nok vi kan halda fram med nattklubb, seier Espen Risti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.