Ulven frå lufta
Midtsiden var i lufta torsdag i 9.30-tida. Vi såg lite røyk og ingen eld.


På ein runde over Ulvenfjellet ser vi tydeleg at området der brannen starta er hardast ramma, men over den første toppen har brannen gått vidare i lyng til trea opp mot øverste topp.
Bak toppen ligg Mikkelsvatnet, vatnet som det blei pumpa frå i slangar til sløkkearbeidet i går, og vatnet der helikopteret henta påfyll gong etter gong, 3000 liter i slengen.
- I dag går vi ut med fire lag, kvart på femten mann. Desse går innover og driv ettersløkking, sørleg i tuver og stubbar der det enno ulmar, fortel varabrannsjef Arne Monsen til midtsiden.no.
Fem mann har ifølgje Monsen blitt frakta til lege eller sjukehus med lettare røykskadar. To av dei er framleis på sjukehus.