Lokal | 23. apr. 2010

Ulvenmarsjen til helga

Heile sju sprekingar kan denne helga gå sin 32. Ulvenmarsj.

Ulvenmarsjen til helga
Benjamin Bruarøyfredag 23. apr. 2010 12:04

Det er Ulvenmarsjen for 32. gong, og heile sju deltakarar som til no har gått kvart einaste år.

- Vi får håpa på at vi har vêrgudane med oss, trass i snøen som kom fredag, slik at årets marsj blir finast mogleg både for veteranar og dei som er ferskare deltakarar, seier arrangør Erling Andersen.

Les òg:
I marsj på ny gangveg
(Ulvenmarsjen 2009)

Fellesstart neste år?
Laurdag og sundag kan vi venta mange turglade osingar langs vegen. Den 14 kilometer lange turen startar og sluttar ved Os ungdomsskule.

I år går starten frå klokka 14 til 16 laurdag og frå klokka 9 til 12 sundag. Dette kan vere siste året med ein start over så lang tid. Til neste år blir det kanskje fellesstart.

Gjengangarane
Det er i år tre damer og fire menn som går for 32. år på rad. Dei har gått alle gongane. Det er ingen utmerking på 30. år på rad, men to som går for 25 året.

Tre deltakarar går for 20. år på rad, og to går for 20. gong. Det er tre som går for 15. året, og tre for 10. året på rad.

På sundag blir det også kappgang på tid, for dei som driv med det som sport. Dei vil gå ned til kysthospitalet, så turen blir 15 km lang.

Over 400 i 2009
Sidan 1988 har det vore seks spørsmål langs ruta. Den tradisjonen blir også heldt ved like i år. Svarar du seks av seks riktige, vinn du ei ulvenmarsj t-skjorte.

I fjor hadde marsjen 436 deltakarar, for to år sidan var deltakartalet 560.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.