Ulvenvegen: Opning i mai, ny omkøyring i juni
Om to veker opnar Ulvenvegen forbi innslaget på komande Skogafjellstunnelen. To veker seinare blir det ny, midlertidig omkøyring i området.
Bildeserie:
Måndag 30. november 2015 blei fylkesveg 160 Ulvenvegen stengt forbi Svegatjørn. Vatnet skulle tappast og tunell skulle sprengast i samband med bygging av E39 Svegatjørn - Rådal.
I mellomtida har trafikkbelastinga på Industrivegen vakse, og planlagt opning av eit nytt stykke Ulvenveg blei utsett frå januar til mai.
– Fjellsida var så dårleg at natursteinsmuren langs fjellsida måtte byggast både lengre og høgare, fortel Kari Bremnes frå Statens vegvesen.
Då muren var ferdig sette vinteren inn, og arbeid med asfaltering og anna blei utsett. Men i går blei siste asfalt lagt og merkinga av vegen er ferdig. Noko arbeid gjenstår, men om to veker er alt klart.
– Opning blir ved ordførar Marie Lunde Bruarøy tysdag 15. mai klokka 14.
Eit halvt år med omkøyring
Når Ulvenvegen er opna treng Veidekke cirka to veker på å gjera klart for ny, midlertidig omkøyring.
– Entreprenøren skal ferdigstilla nordre del av E39 Halhjemsvegen, mellom rundkøyringa ved Ulvenparken og ned mot der Halhjemsvegen var nærmast Svegatjørn, vis a vis Fløysand-bygget i Industrivegen.
Omkøyringa blir ei kort sløyfe oppom nye Ulvenvegen og på ny nedkøyringsrampe mot E39 under brua frå Industrivegen. Sjå skisse sist i bildeserien over.
– Det skal òg bli utført noko arbeid mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet, derfor blir fartshumpar og 50-sone ståande.
Kolskogen stengt i periodar
Når Ulvenvegen er opna for trafikk skal det jobbast vidare på murarbeid langs den kommunale vegen Kolskogheiane, frå ny kulvert mot Os vgs.
I denne perioden blir delar av Kolskogheinae stengt, med unntak av for bussar og utrykkingskøyretøy.
• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.