Lokal | 21. sep. 2012

Ulykke og is-mysterium

Ei kvinne er frakta til legevakt etter ulykke mellom lastebil og personbil på Søfteland. Det flaut med iskrem i vegen, men ingen veit kvar den stammar frå.

Ulykke og is-mysterium
Det låg mykje iskrem på staden, men kvar den kjem frå er uvisst. (Lesarbilde, Eirik Walle)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2012 17:04

Fredag i 16.30-tida kom melding om trafikkulykke på E39 på Søfteland.

Ein lastebil hadde kjørt i hekken på ein personbil av typen Toyota Avensis.

Truleg lettare skadd

Ei kvinne som var passasjer i personbilen blei frakta til legevakt etter ulykka. Ho er truleg lettare skadd, men det er ikkje stadfesta.

Ulykka skal ha skjedd då personbilen, som hadde retning Bergen, skulle svinga inn til venstre på ein sideveg.

– Det blei ingen trafikale problem etter ulykka, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Iskrem frå ukjent kjelde

På ulykkesstaden låg det fleire kartongar med is strødd utover vegen.

– Desse skal visstnok ikkje ha stamma frå lastebilen som var involvert i ulykka, vi veit rett og slett ikkje kvar den kjem frå.

– Men vi rydda den opp og tar den med for å kasta den, seier Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.