Ulykke på E39
Kø på Røykenes etter kollisjon mellom MC og bil.
Torsdag klokka 18.53 kom det melding om trafikkulykke på E39 Byvegen.
Ulykka skjedde nær Er-An.
– Ein motorsykkel skal ha køyrd inn i ein bil bakfrå, opplyser politiet.
MC-førar har smerter i hand og ei skulder. Nødetatar er på veg.
Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det noko kø på staden, men det ser ut til berre å vera i éin retning, mot Os frå Bergen.
- Har du informasjon eller bilde frå staden? tips@midtsiden.no
Det var noko oljesøl i vegbanen etter ulykka. Vegen opna for normalt trafikk rundt klokka 19.45.
OPPDATERT:
– Bilen hadde retning Os, men skulle svinga av og stoppa opp for å venta på ledig luke. Då bilen svingte, fekk den ein lett motorsykkel inn i venstresida, fortel politioverbetjent Anne Lyssand fredag morgon.
MC-førar, sin mann på rundt 20 år, skal ha blitt slengt i lufta. Han hadde smerter i arm og skulder/kragebein etter smellen.
– Han blei frakta til Haukeland. Det er tatt midlertidig beslag i førarkortet, men sidan han blei frakta vekk, har han førebels ikkje tatt stilling til om han samtykker i beslaget.
Bilførar er ei dame på rundt 50 år. Ho skal vera uskadd. Det er ikkje mistanke om promille på nokre av dei involverte, og politiet har tatt avhøyr av tre vitne på staden.