Lokal | 22. aug. 2019

Ulykke på Lepsøyvegen

To bilar er involvert.

Ulykke på Lepsøyvegen
Brannvesenet kom raskt til ulykkesstaden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. aug. 2019 13:08

Torsdag klokka 14.53 rykte politi, brannvesen og ambulanse ut på melding om trafikkulykke.

– To bilar er involvert, Skadeomfang er ukjent, fortel politiet klokka 15.

Politiet skriv at ulykka har skjedd på Lepsøy på Røtingavegen, 110-sentralen skriv Lepsøyvegen i Storumbakken.

– Ulykka har skjedd i Storumbakken, nær avkøyrsla inn til tippen, fortel eit vitne som nyleg køyrde forbi.

Eit anna vitne fortel at trafikken går forbi, men i éin køyreretning om gangen.

Ingen førarkortbeslag

Politiet fortel at ein bil har køyrd på ein annan bakfrå.

– Vedkomande, ein mann i 30-åra, låg truleg for tett og klarte ikkje å stoppa då den andre bremsa, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Ei kvinne i bilen framfor skal ha hatt nokre smerter i nakken etter samanstøyten.

Lege og ambulanse var på staden, og alle blei kontrollerte utan å bli tatt med for vidare sjekk.

Grunna språkproblem blei den mannlege bilføraren ikkje avhøyrd på staden. Ingen av dei involverte hadde promille. Det er ikkje tatt førarkortbeslag, men politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.