Lokal | 29. mai 2012
Ulykke ved Lepsøykrysset
Det er kø og dirigering på Halhjemsvegen grunna påkjørsel.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. mai 2012 15:32
I 15.20-tida tysdag fekk midtsiden tips om ulykke på Halhjemsvegen.
– Ein bil som kjørte retning Os bremsa for å venta på ledig plass til å svinga inn på Lepsøyvegen. Bilen bak klarte ikkje å stoppa, fortel politibetjent Sindre Hallem.
I skrivande stund, klokka 15.28, er det dirigering på staden.
– Det blir litt kø når ferja kjem, elles går trafikken ganske greit, seier Hallem.
Ingen av dei involverte skal ha teikn til skader etter samanstøyten.