Kultur | 11. mars 2019

Under ein nordnorsk måne

I mars månad er det ekstra fokus på nordnorske artistar og nordnorsk musikk i Oseana.

Under ein nordnorsk måne
Dei er nok mest kjend for «Har du fyr?», men Berit Steen fortel at publikum kan forventa seg mykje meir når Hekla Stålstrenga kjem til Oseana 21.mars. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 11. mars 2019 11:10

Bildeserie:

Desse to har snart selt ut begge konsertane i Oseana torsdag 14.mars. (Pressefoto)
Desse to har snart selt ut begge konsertane i Oseana torsdag 14.mars. (Pressefoto)
Berit Steen - arrangementssjef med eit stort hjarte for nordnorsk musikk. (Foto: KOG)
Berit Steen - arrangementssjef med eit stort hjarte for nordnorsk musikk. (Foto: KOG)
1 av 2
Desse to har snart selt ut begge konsertane i Oseana torsdag 14.mars. (Pressefoto)
Berit Steen - arrangementssjef med eit stort hjarte for nordnorsk musikk. (Foto: KOG)

– Stol på meg når eg booker nordnorske artistar.

Denne forsikringa kjem frå arrangementssjef ved Oseana, Berit Steen.

Med eit tydeleg hjarte for nordnorske artistar og musikk, håpar Steen at publikum vil dela hennar glede for artistane som kjem på besøk i mars.

Alsos på Kvinnedagen - Sivertsen og Eggum mot to gongar utselt

Christel Alsos var månadens første nordnorske artist med sin konsert på fredag.

– Alsos leverte ein flott konsert på fredag, og det på Kvinnedagen, fortel Steen.

Torsdag 14. mars er det tid for duoen Halvdan Sivertsen og Jan Eggum.

– Desse to veteranane har vi hatt på besøk før, og nok ein gong ser det ut som at vi får to utselde hus.

Den folkekjære gitar-duoen er i desse dagar på vegen med forestillinga, «Vi to er ikke Romeo og Julius».

– Meir enn berre «Har du fyr?»

Torsdag 21. får Oseana besøk av Hekla Stålstrenga.

Steen innrømmer glatt at Tromsø-baserte bandet er ein av hennar personlege favorittar.

– Mange har nok allereie høyrt deira versjon av Ola Bremnes si låt, «Har du fyr?“, men dei er så mykje, mykje meir enn berre den låta.

– Dette er eit band som osar musikk- og formidlingsglede, og eg kan personleg garantera ei stor musikalsk oppleving, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.