Lokal | 19. apr. 2019

Undersøkte ulykkesstaden i natt

Statens vegvesen og krimteknisk kopla inn grunna alvorlegheitsgraden av MC-ulykka i Industrivegen.

Undersøkte ulykkesstaden i natt
I morgontimane er tilstanden til motorsyklisten uavklart - statens vegvesen og krimteknisk har jobba på ulykkesstaden i natt. (Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 19. apr. 2019 08:12

I går kveld var det alvorleg MC-ulykke i Industrivegen. Ein mann i 20-åra vart henta av luftambulanse like før klokka ti.

I morgontimane melder BT.no at tilstanden til motorsyklisten framleis er uviss.

Helse Bergen har avvikla praksisen med å opplysa om tilstand til pasientar, men kan i enkelte høve gjera unntak.

Knekte lyktestolpe

Bilde frå ulykkesstaden viser at ein lyktestolpe ligg på bakken etter samanstøyten.

Operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Frode Kolltveit, fortel til BT.no at det er ein terskel for når Statens vegvesen og krimteknisk vert kopla på ved ei ulykke;

– Alvorlegheitsgraden ved ulykka i Os i går kveld vart vurdert slik at det er ønskeleg å få ei grundig vurdering av hendinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.