Hassan El Fakiri var hovudintruktør for 62 ungdomar torsdag morgon før skulestart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ung og sprek morgonstund

Denne veka har over 60 ungdomar stilt på Kuventræ klokka 06.45 for å delta på akademiet. – Ein herleg gjeng, synest Hassan El Fakiri.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

To gongar i veka i 12 vinterveker får unge og ambisiøse fotballtalent frå ulike klubbar i Os spesialtrening om morgonen før skuletid.

Responsen var fantastisk då invitasjonen til Os Fotball Akademi blei sendt ut, på under to døgn kom det inn 50 påmeldingar.

Les òg: I kø for å trena med Hassan og Kjersti

– Vi utvida kapasiteten frå 50 til 60 og blei meir enn fullteikna. Eit par påmeldingar hadde hamna i spamboksen på epostprogrammet mitt, så vi har tatt inn alle dei 62 første som meldte seg på, fortel Endre Brenne frå Os Fotball.

Denne veka kom akademiet i gang med utdeling av utstyr og dei første treningsøktene inne og ute.

– Det var nokre få som ikkje kom grunna sjukdom, elles var alle flinke med å koma seg opp, møta presis og effektivt å koma i gang.

Felles og gruppevis 

Måndag var første økt. Då var det basistrening i Oshallen med Kjersti Tysse Plätzer som ansvarleg instruktør.

– Vi var spente på korleis det ville vera å samla over 60 ungdomar i Oshallen, men Kjersti hadde førebudd det godt og kjørte delar av trening felles mens andre delar var gruppevis 15 og 15 i fire grupper, fortel Brenne.

Fleire trenarar frå Os Fotball stiller opp som hjelpeinstruktørar.

– Ein motivert gjeng

I går var første fotballøkt og dagen starta med utdeling av utstyr til deltakarane. Også av fellesutstyr er det kjøpt inn ein del nytt, frå ballar og kjegler til dukkemål og stigar til å øva inn raskt fotarbeid.

– Det var ein herleg gjeng med motiverte gutar og jenter, synest Hassan El Fakiri, som var hovudinstruktør torsdag.

– I går hadde vi fokus på rolla som førsteforsvarar og spelarane kunne tydelegvis mykje frå før. Dei var veldig fokuserte og flinke til å ta til seg ny kunnskap.

El Fakiri trur akademiet på sikt kan få mykje å seia for fotballen i klubbane i Os, og for kvar enkelt spelar.

– Det er blant anna dette som skal til får å koma endå lengre med idrett, å samla dei som er mest motivert til ekstratrening der dei får påfyll av både kunnskap og motivasjon. Det er dessutan veldig positivt at spelarar frå ulike klubbar blir betre kjent.

Slag i slag før skulestart

Det var ikkje mykje lyd i dei 62 spelarane som torsdag morgon kom ruslande nærmast rett frå senga og inn i klubbhuset for å få utstyr og kort info før første fotballøkt.

– Men dei vakna raskt då dei kom ut i vind og regn til oppvarming og inndeling i grupper, seier Brenne.

Oppmøte er klokka 06.45, treninga startar 06.50 og varer til 07.50. Så er det eit lite kvarter i dusjen før måltid og transport til skule.

– Dei var flinke til å koma seg til og frå bane og klubbhus. Måndagen et dei niste, torsdagen får dei brødmåltid servert. Spesielt dei frå Nore Neset måtte vera kjappe, for dei skulle rekka buss som går klokka 08.15.

– I tillegg til treninga er dette god øving på å vera effektiv, for alt må gå på skjener om spelarane skal få stella seg og eta før dei må koma seg til skulen. Det såg ut til å fungera fint og det håper eg det held fram med å gjera. Vi har litt utfordring med kapasitet i garderobane grunna tidlegare vasslekkasje og oppussing, men vi håper alle garderobane snart er disponible.

 

 

Fleire saker