Lokal | 21. feb. 2011

Ung topp i Os Høgre

Os Høgre har vallista klar, med fire under 40 år på dei 7 øvste plassane.

Ung topp i Os Høgre
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. feb. 2011 11:46

Os Høgre stiller i år til val med fire under 40 år på dei 7 øvste plassane og tre 19-åringar på dei 11 øvste plassane.

- Vi har fått med oss nokre engasjerte og flinke unge osingar i Jarle Øyasæter (6. plass, son til Hedevig Holst), Vilde Lepsøy (7. plass) og Emil Brimsholm (11. plass), seier Marie Bruarøy.

Sjølv sto Marie på 5. plass før førre val, men klatra ein plass eller to og fekk plass i kommunestyret og formannskapet. Då partikollega og varaordførar Børge Lunde fekk fritak for å bli rektor overtok ho rolla hans.

No står Marie Bruarøy som Høgre sin ordførarkandidat medan Bjørn Matland og May Brit Haringstad Mjøs (på 22. plass før førre val) er på dei to neste plassane.

Hedevig Holst, som har vore sjuk den siste tida, tar pause frå politikken.

Andre nye ansikt er Olav Kvinge (8. plass, sit i Oseana-styret) og OHARA-engasjerte Thor Morten Frey Sivertsen.

Os Høgre har i dag desse fire i kommunestyret: Marie Bruarøy, Hedevig Holst, Jonny Garvik og Olav Djuve. Garvik finn vi i år på 5. plass, Djuve på 21. plass.

Valliste, Os Høgre 2011

01. Marie Bruarøy (1981, Os vest)
02. Bjørn Matland (1963, Os nord)
03. May Brit Haringstad Mjøs (1972, Os vest)
04. Tore P Olsen (1944, Søfteland)
05. Jonny Garvik (1954, Søre Øyane)
06. Jarle Øyasæter (UH, 1992, Os vest)
07. Vilde Lepsøy (1992, Søre Øyane)
08. Olav Kvinge (1958, Søre Neset)
09. Cathrine Brinchmann-Hannsen (1971, Os nord)
10. Kathrine Haugland (1970, Nore Neset)
11. Emil Brimsholm (1992, Søre Øyane)
12. Elsa Sørensen (1939, Os vest)
13. Ståle Skaatun (1973, Søfteland)
14. Thor Morten Frey Sivertsen (1970, Os vest)
15. Turid Oltedal Lunde (1977, Søre Neset)
16. Arne Bjoarvik (1960, Lysekloster)
17. Hildegunn K. Andersen (1966, Os vest)
18. Jon Olaf Sørstrønen (1978, Nore Øyane)
19. Wenche S Fagerthun (1981, Nore Neset)
20. Bjørn Sivertsen (1946, Os aust)
21. Olav Djuve (1940, Os vest)
22. Berit Blomberg (1945, Os aust)
23. Ole Fjæreide (1963, Os vest)
24. Ida Hagevik Heggeland (1989, Nore Neset)
25. John Anders Sperrevik (1976, Nore Neset)
26. Bjarte Lunde (1985, Hegglandsdalen)
27. Ruth Djuve (1939, Os vest)
28. Jørg Utne Sørensen (1939, Os vest)
29. Tor Owe Rennemo (1969, Os vest)
30. Inge Fimreite (1975, Os vest)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.