Lokal | 01. okt. 2010

Ungar stoppa hærverk

Ungdom meldt til politiet etter hærverk på den nye kunstgrasbanen i Øyane.

Ungar stoppa hærverk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. okt. 2010 14:08

Sundag 29. august sørgja eit stort i nevenyttig dugnadskorps for at Søre Øyane fekk kunstgrasbane. Kunstgraset blei rulla ut i rekordfart og tysdagen etter var det klart for dei første kampane.

Bak det praktiske arbeidet ligg også ein stor innsats, og ei brei støtte frå næringsliv og privatpersonar i og rundt krinsen.

Men sjølv om mange har glede av kunstgraset blei banen denne veka utsett for hærverk.

- Ein ungdomsskuleelev, som skal vera frå ein nabokrins, skal først ha svidd kunstgras i enden av banen, og så prøvd å gjera det same midt på matta, seier Eirik André Hesthamar frå idrettslaget Øyglimt.

- Heldigvis var det to gutar som viste mot, stoppa han og meldte frå til idrettslaget.

Meir hærverk
Hærverket på banen skjedde måndag denne veka, tysdag blei det oppdaga at det også var gjort hærverk oppe ved skulen.

Rektor ved Søre Øyane skule, Elin Skaathun, var ikkje tilgjengeleg for kommentar då Midtsiden.no ringte, men i administrasjonen stadfestar dei at ein namngjeven ungdom er meldt til politiet.

- Vi har registrert at det har kome inn melding, men det er førebels ikkje oppretta sak på det, seier lensmann Rasmus Dalen.

- Kan ikkje overvaka
Hesthamar seier at dei er avhengige av at brukarane av banen gjer sitt beste for å ta vare på området.

- Vi vaksne kan ikkje overvaka anlegget døgnet rundt. Det er stor aktivitet på den nye banen, både organisert og uorganisert, og heldigvis gode haldningar hos dei aller fleste.

Lys og leikar på veg
I tilknyting til den nye kunstgrasbanen kjem sandvolleyballbane og leikeplass.

- Lysanlegg er bestilt og skal monterast om ei til to veker. Leikeapparat skal monterast i haustferien og veka etter.

- Det skal bli deilig å sjå heile prosjektet stå ferdig, og eg trur ungane i Øyane kjem til å halda fram med å vera flinke til å ta vare på plassen, seier Eirik André Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.