Lokal | 08. mai 2019

Ungdom balanserte på vassleidning

– Dei skal visst ha gått frå ende til ende, altså ein god kilometer, fortel politiet.

Ungdom balanserte på vassleidning
Denne 355 mm breie vassleidningen blei for fristande for nokre ungdomar, som tok seg ein spasertur på vatnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mai 2019 09:22

Bildeserie:

Nett no ligg den ved Teinevika, nær der den seinare skal koplast på. (Foto: KVB)
Nett no ligg den ved Teinevika, nær der den seinare skal koplast på. (Foto: KVB)
Så buktar den seg 1050 meter på vatnet. (Foto: KVB)
Så buktar den seg 1050 meter på vatnet. (Foto: KVB)
Leidningen blir produsert og lagt ut frå Sigursvika. (Foto: KVB)
Leidningen blir produsert og lagt ut frå Sigursvika. (Foto: KVB)
Jona Olaussen, Geir Fjære og Ulf M. Knudsen frå Telemark Seaworks. (Foto: KVB)
Jona Olaussen, Geir Fjære og Ulf M. Knudsen frå Telemark Seaworks. (Foto: KVB)
I morgon skal leidningen søkkjast. (Foto: KVB)
I morgon skal leidningen søkkjast. (Foto: KVB)
1 av 5

Tysdag klokka 21.35 fekk politiet tips om ungdom som balanserte på ein vassleidning som i desse dagar flyt i Ulvenvatnet.

– Det skal ha vore born eller ungdom i 12-14-årsalderen. Då dei kom til land skal dei ha fortalt at dei har gått frå ende til ende, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Vassleidningen er 1050 meter lang og har dimensjon på 355 mm. Den eine enden ligg i Sigurdsvika, der den blir produsert og lagt ut, den andre ligg i Teinevika ved E39.

Skal styrka vassforsyninga sør for Ulven leir

Det er Os kommune sin vassleidning. Den blir lagt opp for å styrka vassforsyninga sør for Ulven, blant anna til næringsområdet i Ådnadalen.

– Leidningen skal gå frå ny E39 sør for Svegatjørn til Ulvenvegen nær Ulven leir, fortel Siril Langhelle frå prosjektavelinga i Os kommune.

– I fjor auka vi dimensjonen mellom Uno X ved Tøsdalsskiftet og opp forbi Ulvenvegen. På sikt vil vi erstatta leidningen som i dag går over Svegane.

Det er Telemark Seaworks, som underleverandør til Vestafjell, som legg ut leidningen. Arbeidet starta i førre veke, med produksjon og base i Sigurdsvika.

– Bør sikrast

Etter hendinga i går har politiet, via Os kommune, bedt entreprenørane setja opp hinder ved ilandføringane for å unngå meir balansering utover Ulvenvatnet.

– Det skal lite til å ramla uti, og det er kaldt i vatnet, seier politiet.

Geir Fjære hos Telemark Seaworks seier leidningen uansett snart skal ut på vatnet, og i morgon skal den fyllast med vatn og søkkjast.

– Den blir ikkje tilgjengeleg frå Sigurdsvika særleg lenge, men det har vore ein god stad å ha som base for arbeidet vårt. Vi er òg takksame for at russen har oppført seg eksemplarisk. Ingen har gjort hærverk og det er like ryddig her kvar einaste morgon. Det verste dei har gjort er at nokon har sete i båten vår og ete pizza, og det ser vi på som harmlaus, så lenge dei ikkje tuklar med båtane.

Legging av vassleidning har hasta noko, både med tanke på fuglar og hekking, og med tanke på treningstidene til Os Roklubb. To avlaupsleidningar skal òg leggast, for å kopla E39 og Ulven med Ohara.

– No lar vi fuglane få fred gjennom sommaren, og så tar vi dei to neste leidningane til hausten og vinteren, seier Siril Langhelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.