Lokal | 25. feb. 2010

Ungdom i stolen bil

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2010 09:02

Natt til onsdag fekk politiet melding om biltjuveri. Bilen sto parkert utanfor bustaden til bileigar, som bur rett aust for Os sentrum, då den i løpet av natta forsvann.

- Midt på dagen i går blei bilen, ein Renault 19, stoppa på Stord, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

I bilen sat fem ungdomar mellom 14 og 17 år. Dei hadde tatt ferje frå Os i 11-tida, men kom ikkje langt sør frå Sandvikvåg før ventande politi sette ein stoppar for turen.

- Sidan dei involverte var under 18 år blei barnevernet kontakta. Vi tar vidare oppfølging av saka saman med dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.