Lokal | 18. juni 2020

Ungdom meldt etter å ha køyrd på bakhjulet

Politiet fortel òg om brann i vaskemaskin, påkøyrd rev og trafikktrøbbel på Halhjem.

Ungdom meldt etter å ha køyrd på bakhjulet
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juni 2020 11:07

Onsdag klokka 16.20 kom det melding om brann i ei vaskemaskin i ein bustad i Idrettsvegen.

– Huseigar hadde fått vaskemaskina ut av huset før nødetatane kom til staden, fortel politiførstebetjent Thomas Juulseth.

Politiet gjorde undersøkingar på staden.

Fotgjengar påkøyrd

Litt før klokka 19 onsdag kveld blei politiet oppringt av ein som sa han hadde blitt påkøyrd.

– Fotgjengaren, ein mann i 30-åra, var ikkje skadd, men bilen som køyrde på han stakk frå staden.

Fotgjengaren veit ikkje kven vedkomande er, men har registreringsnummeret på bilen. Politiet har ikkje lykkast med å få tak i bileigar.

Påkøyrd rev og gut på bakhjulet

Rundt midnatt fekk politiet melding om påkøyrd rev på Lepsøyvegen.

Ein time tidlegare kom dei over ein ungdom som køyrde på eitt hjul på Nore Neset.

– Foreldra er kontakta og vi har oppretta sak.

Politibåten har vore i Os onsdag kveld fram til rundt midnatt, men har ikkje funne noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.