Ungdom på "svarteliste"?
Foreldre reagerer på rykter om facebook-snoking og lister med potensielle piratdrosje-sjåførar. Verken politiet eller Os Taxi vil kommentera ryktene.


– Tilsette ved Os Taxi har trålt facebook og notert namna på alle som har skrive "eg kjører i kveld" på eigen vegg. Lista har dei levert til politiet, seier foreldre som har kontakta Midtsiden.
– Facebook er ein privat plass og fleire ungdomar driv med venekjøring utan at det er noko butikk i det. Vi synes det er skremmande om uskyldig ungdom hamnar i arkivet til politiet på denne måten her.
– Har ulike kjelder og metodar
Politioverbetjent Terje Sperrevik seier Os Lensmannskontor har fokus på piratdrosjeverksemda i bygda, men vil verken bekrefta eller avkrefta om han har fått ei namneliste levert av Os Taxi.
– Vi har ulike kjelder og ulike metodar, korleis vi får tips og kva kjelder vi har vil eg ikkje seia noko om.
– Har du forståing for at foreldre synes det er ubehageleg om ungane deira hamnar i politiet sitt søkelys utan grunn?
– Når det kjem til piratkjøring er det viktig at foreldre følgjer med og ikkje er for naive, spesielt om det er deira bil som er i bruk. Om ungdomane ikkje har gjort noko gale så har dei ingenting å frykta.
– Vi har mange namn i fleire ulike saker som blir sjekka eller vurdert sjekka. Det treng ikkje bety noko for vedkomande at namnet deira har blitt nemt i ein samanheng om dei ikkje har gjort noko ulovleg.
Les òg: Piratsjåfør sperra inne
Eit stort problem
Tor Anders Hauge hos Os Taxi vil heller ikkje seia om det er laga og levert noko namneliste til politiet.
– Men eg kan stadfesta at vi jobbar hardt for å få slutt på piratdrosjekjøringa i Os.
– Det har vore eit stort problem lenge, piratdrosjane tar mange kundar noko som igjen fører til at våre unge helgesjåførar, som prøver å tena seg litt pengar på lovelg vis, tener langt mindre enn dei kunne gjort.
– Dette fører igjen til at det blir vanskelegare for oss å halda på sjåførane og tilbodet om helgekjøring kan med tida bli sterkt redusert.
Les òg: Lei av piratkjøring
Vil ta dei ivrigaste
Hauge seier det er visse gjengangarar og at han har fått høyra at enkelte nærmast har det som levebrød å driva med ulovleg persontransport i Os i helgene.
– Det er desse vi vil ta, kameratkjøring har vi ingenting imot, det er heller ikkje ulovleg. Men i det du tar betaling er det ulovleg.
– Men om venar kjører på kvarandre og dei spleisar på bensinen?
– Betaling er betaling, uansett kva prisen er, det er ikkje lov. Om det verkeleg er ein venegjeng som spleiser på bensinen så ville det ikkje blitt oppdaga, men å skulda på spleiselag om du tar imot betaling frå noko du tilfeldigvis treffer på så er det tull.
– Dessutan kan det neppe vera nødvendig å annonsera på facebook at du kjører om du berre skal kjøra nokre venar ein plass. Då kan du vel senda sms eller ringa dei få du har plass til i bilen, meiner Hauge.
– Feil metode
Foreldra Midtsiden har snakka med seier dei forstår at Os Taxi vil ha slutt på piratkjøringa, men synes ikkje det er rett å snoka på andre sin facebookprofil, om det er det dei har gjort.
– Om det viser seg at uskyldige ungdomar er lagra i politiet sitt arkiv grunna sånne lister så trur eg det er endå fleire foreldre som kjem til å sprekka av sinne. Dette synes eg er feil metode, dei får heller gå ut i felten og ta dei som er i sving.