Lokal | 05. aug. 2019
Ungdomar i buggy velta i rundkøyring
Ei jente blei skadd i ein arm i ei ulykke i rundkøyringa ved Meny.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 05. aug. 2019 09:26
Søndag klokka 20.07 fekk politiet melding om trafikkuhell i rundkøyringa mellom E39 og Byvegen ved Meny og UnoX.
– Ein minibuggy hadde velta. Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Det sat to personar i bilen, ein gut og ei jente på oppunder 20 år.
– Ingen blei alvorleg skadd, men jenta hadde slått seg i armen og blei køyrd til legevakt i ambulanse.
Det er ikkje mistanke om promille, og det er heller ikkje tatt beslag i førarkort etter uhellet.