Ungdomar klatra på skuletak
Brukte stillas til å ta seg opp på taket på Nore Neset barneskule. – Vi sendte folk ut for å sikra med éin gong vi fekk beskjed, fortel teknisk drift.
Nore Neset barneskule er i ferd med å få eit etterlengta, nytt malingsstrøk. For å gjera jobben har kommunen fått sett opp stillas rundt bygningen no i skuleferien.
Søndag ettermiddag fekk Midtsiden følgjande spørsmål frå ein lesar:
«Kven passer på at barna ikke ferdes i høgden på Nore Neset barneskule? Har observert ungdommer på taket og i dag er også ene stigen på stillaset ved guleskulen nede og gir fri ferdsel opp en etg. Har stoppet barn på første delen men for små barn er også dette høgt. Det er ingen sikring som hindrer ferdsel på stillaset..»
Tok umiddelbart tak
Torunn Paus på teknisk drift i Os kommune fortel at også dei fekk meldinga på e-post måndag morgon.
– Vi sendte umiddelbart ut vaktmeistarane for å fiksa det og sikra stillaset, slik at ein ikkje så lett skal komma seg opp der.
– Det at ungdomar klatrar opp på kommunale bygningar er diverre eit gjentakande problem vi ser på fleire av bygningane våre, men det er klart at når vi har sett opp eit stillas og på den måten gjort tilkomsten enklare, så må vi følgja ekstra med og ta aksjon når vi høyrer om episoder som dette, seier Paus.
Ho understrekar at det både er ulovleg og forbunden med stor risiko å ta seg opp på taka.