Ungdommeleg jazzkafé
Vårens siste jazzkafé på Oseana blir med to talentfulle elevar frå Kongshaug Musikkgymnas.
Laurdag 1. april er det Mathias Keilegavlen (17) og Andrea Ådland (18) som står for musikken under årets siste jazzkafé på Oseana. Dei to er elevar ved Kongshaug Musikkgymnas på Lepsøy.
– Dei begynte sitt samarbeid hausten 2016 og har etter det opptrådd saman i mange ulike samanhengar. Duoen spelar ei spenstig blanding av jazz og pop som fell i smak hos dei fleste, fortel Janne Mari Hjelle på Oseana.
Kjende og ukjende artistar
Duoen spelar coverlåtar av både kjende og ukjente artistar, som Tori Kelly, Come shine, Melody Gardot, No. 4, Sarah Vaughan og mange fleire.
– Utvalet av reportoar speilar ynsket deira om å nå ut til eit breiast mogleg publikum, og inneheld difor alt frå kjende jazzstandards til kjente poplåtar. Du kan med andre ord sjå fram til ein variert og behageleg konsert, akkurat slik som vi likar på jazzkaféane, avsluttar Hjelle.
Mathias Keilegavlen kjem frå Tau i Rogaland. Han har fått undervisning i klassisk gitar hos Strand Kulturskole, men spelar no dei fleste sjangrar. Mathias si største inspirasjonskjelde er den verdskjende artisten John Mayer. Mathias har også teke gitartimer med Zane Carney, som er gitarist for mellom andre Katie Melua, Stevie Wonder og John Mayer. Mathias er fast bestemt på å leve av musikken i framtida.
Andrea Ådland er oppvaksen i Ytre Sandviken i Bergen, og var sangelev ved Bergen kulturskole fram til videregåande. I 2015 begynte ho å ta timar hos osing og songpedagog Tone Lise Moberg. Andrea syng mange sjangrar, men har dei siste åra fokusert på jazz. Andrea skal begynne på ein bachelor i jazzsang ved Griegakadamiet til hausten.