Unge talent for Omobaya
Laurdag entrar unge talent frå Os og Bergen scena i Fjellheim til inntekt for barneskule i Kenya.

Barneskulen Omobaya Academy ligg i Kisii-distriktet i Kenya. Laurdag samlast unge talent frå Os og Bergen til innsamlingsframsyning i Fjellheim.
- Hausten 2010 var eg på reise og jobb i Kenya då eg møtte ein av dei sentrale personane bak skuleprosjektet, fortel Janne Fjeldtvedt Pedersen.
Saman med Anne Lill Lyssand og Katrine Thuen har ho tatt initiativ til framsyninga.
Kafé og kunstutstilling
Fjeldtvedt Pedersen fortel at blant artistane som kjem er Richard Myhre Gåssand, Madeleine Midtseter, King Calling, Mix Master Cru og Patricia Langeland sine dansarar. I tillegg blir det oppvisning av Os swingklubb, Os kickboxing klubb og Os handbakk klubb.
- Vi har to framsyningar, kl 15 og 17. I tillegg vil vi halde open dag frå klokka 12 med kafé og kunstutstilling i 1. etasjen på Fjellheim, seier Fjeldtvedt Pedersen.