Kultur | 25. nov. 2010
Ungt kor - stort publikum
Det var fullt hus då førsteklassingane frå Kuventræ song jula inn på AMFI Os i kveld.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. nov. 2010 22:00
Torsdag kveld blei julelysa tent på AMFI Os.
Os & Kuventræ skulekorps sat i andre etasje og spelte julesongar før og etter sjølve seremonien rundt tenninga.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Rett før lyslenkene over fontena blei tent song førsteklassingane frå Kuventræ skule fire songar.
Senterleiar Anne Kristine Tøsdal tok også ein trall, ho leia ungane i «På låven sitter nissen», ein lokkemelodi for å få nissen på scenen for utdeling av snopeposar.
VIDEO: Sjå snutt frå årets julegateopning i Amfisenteret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)