Sport | 20. feb. 2010

Ungt, men jamt mot Voss

Os avslutta med eit svært ungt lag i treningskamp på Voss i dag.

Ungt, men jamt mot Voss
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. feb. 2010 17:17

Os har slått Ny-Krohnborg (4-2), Fana (2-1, Fyllingen (1-0) og Nest-Sotra (2-1) i årets første treningskampar. I dag reiste dei til Voss med eit ganske ungt lag.

- Voss har noko på gang. Dei viste seg å vera godt organisert og ytte god motstand, seier Os-trenar Frank Hellevik om 3. divisjonsklubben som fleire gongar dei siste åra har landa høgt på tabellen ved sesongslutt.

Dagens treningskamp enda 0-0, der Voss hadde den største sjansen med eit skot i tverrliggar, mens det elles skal ha vore ganske jamt både i spel og sjansar.

Desse starta for Os (4-3-3): Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Per Søgnen Merai, John Ole Johannessen, Tom Skråmestø, Frode Buvik, Stian Lunde, Espen Kolås, Sven Lyssand og Ramo Racic.

- Anders Glesnes var veldig god i dag. Han spelte både høgre back og midtstoppar. Frode Buvik viste mykje bra i den omgangen han spelte og Tom Skråmestø gjorde god figur i sin første heile kamp for Os, seier Hellevik.

I pausen gjorde Os følgjande byte:
Anders S. Strønen for Hansen
Erik Kanestrøm inn for Buvik
Espen Valvik inn for Lunde
Kristoffer Sande inn for Johannessen
Espen Kopperud inn for Lyssand
Etter 70 minutt kom Lyssand inn igjen, då for Kolås, og Johannessen for Merai.

Os avslutta med andre ord kampen med nesten berre juniorar og førsteårs seniorar på banen.

- Dei unge fekk kjenna litt på vaksenfotball i dag, ikkje berre éin og éin, men fleire samstundes. Dei merka nok at dei ikkje har like god tid på seg med ballen, og vi måtte vore hakket meir presis om vi skulle slått Voss i dag.

Sundag klokka 13 spelar Os ny treningskamp, i Vestlandshallen mot Løv-Ham.

- Det skal bli spennande, både med svært motiverande motstand og å få spela på ein bane som verken er hard eller glatt.

Startellevaren mot Adeccoligalaget er ikkje tatt ut, men det er troppen på 17 mann:
Halvard Enes, Anders Solberg Strønen, Daniel Kalstad, Endre Brenne, Anders Glesnes, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Frode Buvik, Stian Lunde, Christian Almeland, Tom Skråmestø, Erik Kanestrøm, Tim Henrik Sperrevik, Christer Olsen og Ramo Racic.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.