Kultur | 20. sep. 2012

Universell utstilling

Lars Tveit opna laurdag utstilling i Hvelvet på Oseana. - Eg liker å seia at eg maler universelt utforma bilde. Folk må gjerne kjenna på dei.

Universell utstilling
Lars Tveit med nokre av sjøhus-motiva du kan sjå på Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 20. sep. 2012 15:07

Bakgrunnen for utsagnet frå kunstnaren er teknikken han nyttar når han måler, med malerkniv påfører han tjukke lag med maling for å gje bilda liv og djupne.

- Eg er meir opptatt av formar enn av detaljar.

- Difor er til dømes sjøhusa utan dører og vindauge, fortel Lars Tveit medan han peiker og stryk over strukturen.

- For meg er det viktig at dei som kjem og ser bilda ser kva dei er laga av. Strukturen skal vera tydeleg.

Bygningsingeniøren som blei målar

Lars Tveit er eigentleg bygningsingeniør utdanna frå NTH i Trondheim og jobbar framleis i faget.

- Eg er 70% bygningsingeniør og 100% kunstnar, smiler Tveit i skjegget.

Målinga byrja han med heilt tilbake på 70-talet og etter ei pause med små barn på 80 og 90-talet tok han oppatt aktiviteten i 1993 under veiledning av Magnar Moen og William Nicolaysen.

Dei siste åra har Tveit helde ei rekkje utstillingar i både inn- og utland.

Fascinert av bygningar

Utstillinga i Hvelvet spenner frå forskjellige bygningsmiljø på land og i sjøkanten til vinterlandskap og sauebileter.

- Eg har lenge nytta bygningar som motiv. Dei egnar seg godt for å skapa stemningane eg er ute etter.

- Sjøhus bærer ein stolt og viktig historie som eg freister å fortelje gjennom målinga, forklarar Tveit.

Korleis måla snø?

Dei seinare åra har han og gjeve seg i kast med andre motiv som sauer og vinterlandskap.

- Kvifor det blei sauer veit eg eigentleg ikkje.

- Vinterbileta kom fordi eg er glad i fjellet og hadde lyst på utfordringa det er med å måla snø. Kva farge har den eigentleg, undrar Tveit medan han tek Midtsiden med rundt i galleriet.

Utstillinga varar fram til 14. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.