Kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune kom like over klokka 11 med nye råd og oppmodingar etter utviklinga i Bergen. (Ill.foto: KVB)
Kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune kom like over klokka 11 med nye råd og oppmodingar etter utviklinga i Bergen. (Ill.foto: KVB

– Unngå unødige reiser til Bergen

Korona: Kriseleiinga i kommunen med ny oppmoding.

Kjetil Osablod Grønvigh
09. september 2020 - 11:18

Bjørnafjorden kommune oppmodar innbyggarane til å unngå unødvendige reiser til Bergen dei neste 10 dagane, for slik å hindre smittespreiing.

Dette skriv kommunen i ei pressemelding. 

– Dersom du jobbar i Bergen, oppmodar vi deg til å bruke heimekontor, så langt det er mogleg. Dersom du må reise til Bergen med kollektivtransport, tilrår vi bruk av munnbind dersom du ikkje kan halde ein meters avstand.

Desse tilrådingane frå kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune gjeld frå og med 9. september til og med fredag 18. september:

Vi oppmodar alle innbyggarar som jobbar i Bergen om å bruke heimekontor så langt det er mogleg.

Vi oppmodar til å unngå unødvendige reiser inn til Bergen og unngå plassar der mange folk er samla. 

Dersom du likevel må til Bergen med kollektivtransport, tilrår vi bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.

Etter rådføring med Folkehelseinstituttet, har Bjørnafjorden kommune avgjort å følgje dei nasjonale reglane for arrangement og private tilstellingar, og ikkje Bergen kommune sine innskjerpingar.

Alle kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune som bur i Bergen, skal så langt det er praktisk mogleg ha heimekontor. Er du i tvil, avtal med næraste overordna.

For alle andre kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune, gjeld dagens praksis med oppmøte på arbeidsstad som hovudregel.
Dette vil òg ha nokre konsekvensar for besøksrutinane ved sjukeheimane våre. Vi kjem tilbake med meir informasjon.

Les meir om

Lokal Korona