UP målte fart på Byvegen
Fekk verken mange eller store utslag på radaren.
Tysdag i 17.30-tida hadde utrykningspolitiet fartskontroll i Os.
Kontrollen var i ei 60-sone på Byvegen, nord for UnoX.
– Det var tydelegvis mykje fin køyring i går, UP har notert berre éin reaksjon, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Vedkomande blei målt til 67 km/t i 60-sona, noko som medførte forelegg på 2.250 kroner.
Tidlegare tysdag, i 11-tida, fekk politiet melding om ein brøytebil som sto i ro på Lepsøvegen, eit kort stykke etter avkøyring frå E39.
– Det skal ha oppstått nokre trafikale utfordringar då køen gjekk ut i krysset, og trafikk frå ferja kom frå Halhjem.
– Men då patruljen kom fram hadde brøytebilen kome seg vidare, så det blei heldigvis kortvarig.