Næringsliv | 16. okt. 2014

– Urettvist og uklokt

Dei tilsette ved Rolls-Royce Hagavik stiller seg undrande og kritiske til avgjerda om flytting til Brattvåg.

– Urettvist og uklokt
Dag Kåre Støyva, tillitsvalt ved Rolls-Royce Hagavik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. okt. 2014 14:17

Måndag kom invitasjonen til allmøtet, i dag fekk dei tilsette beskjeden; Rolls Royce Hagavik blir lagt ned. Produksjonen av styremaskinene blir flytta til Brattvåg innan utgangen av 2016, huset skal tømast og 122 arbeidsplassar forsvinn frå Os.

Les òg: Kvifor er Brattvåg best?

– Ryktene har gått og stemninga har vore veldig dårleg her dei siste to vekene. Vi hadde mange spørsmål i dag, men fekk berre tåkeprat i retur, meiner tillitsvalt Dag Kåre Støyva om allmøtet.

– Rolls Royce Hagavik har vore den beste fabrikken deira i Noreg dei siste ti åra, og det er berre eit par veker sidan vi fekk veta at ordrereserven er rekordstor. September blei rekordmånad, det har aldri gått betre eller sett lysare ut for produksjonen i Hagavik.

– Ut frå den innsatsen vi har lagt ned, og dei resultata vi kan visa til, føler vi det både er urettvist og uklokt det Rolls-Royce no gjer. Dei flyttar sin beste produksjon til ein fabrikk som går dårleg. Det trur eg dei blir straffa for.

– Burde læra av historia

Støyva er ein av fleire som har jobba lenge ved fabrikken, sjølv har han vore der samanhengande sidan 1987.

Han undrast over at ikkje Rolls-Royce er skremt av resultata ved tidlegare flytting av produksjonar.

– Norwinch sin produksjon forsvann til Brattvåg, og heile marknaden blei skusla vekk.

– Så flytta dei ein produksjonen i Tennfjord til Brattvåg og resultatet blei ein Tennfjord-modell som truleg er den største katastrofa i Rolls-Royce si historie. Eg har høyrd at dei har reklamasjonar og garanti-arbeid for utrulege 600 millionar kroner på dei leveransane.

– Ville det likevel vore betre å flytta Brattvåg-produksjonen til Hagavik?

– Brattvåg kunne blitt verande. Dei er berre rundt 25 mann. Om dei har problem så er motor-produksjonen der oppe så stor at dei sikkert kunne konsumert meir eller mindre alle dei tilsette inn i den.

– Viste ingen tal

Ein annan av dei tilsette som reagerer kraftig på avgjerda, og på allmøtet, er Anstein Eidsvik.

– Vi klarer ikkje å forstå at dette kan vera noko anna enn ei rein politisk avgjerd, vi har ikkje fått sjå eit einaste tal som viser at flytting skal vera lønsamt, at det er økonomisk motivert, seier han.

– På informasjonsmøtet i dag stilte representantane for leiinga totalt uførebudd og det blei ein direkte flau framsyning.

Grunna tilbakemeldingar frå kundar blei Polen og resten av Aust-Europa tidleg utelukka.

–Talmaterialet vi då fekk sjå viste at Hagavik kom langt betre ut av det enn Brattvåg, om vi ser styremaskinene isolert sett. Kva som er motivet for flyttinga kan vi berre spekulera i, men stemninga er veldig dårleg på fabrikken no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.