Kultur | 24. mai 2016

Urframfører under Festspillene

Sjøforsvarets musikkorps har fått Marius Neset til å skriva eit eige verk til dei. Under Festspillene i Bergen (FIB) skal stykket framførast for første gang.

Urframfører under Festspillene
Marius Neset står saman med Sjøforsvarets Musikkorps i Bergen Domkyrkje måndag 6. juni (pressefoto: Lisbeth Holton)
Andris Hamretirsdag 24. mai 2016 07:02

Jazz-saksofonisten frå Os har blitt ein ettertrakta og populær musikar og komponist. Til Festspillene i Bergen har han skrive eit heilt nytt stykke, som skal urframførast saman med Sjøforsvarets musikkorps, som lenge har ønska eit samarbeid med Neset.

Stramt og impulsivt

Neset er kjend for å utforska spenningane mellom intellektuell, stramt arrangert og komponert musikk og det impulsive, improvisatoriske og lekne.

– Det er ekstra spennande å eksperimentera når ein har eit så stort orkester til råde og kan skapa store kontrastar, seier Neset til FIB.

– Moglegheiten for å nytta dette spekteret saman med det store klanglege og dynamiske potensialet som ligg i orkesteret gjer at ein kan tillata musikken å bruke lang tid på å utvikla seg utan å miste intensiteten.

Har levert fleire verk

Urframføringa skjer i Bergen Domkyrkje måndag 6. juni. I tillegg til å ha med seg Sjøforsvarets musikkorps har Neset med seg sine faste samarbeidspartnarar trommeslager Anton Eger og bassist Petter Eldh.

Neset har tidlegare komponert verk for fleire større ensemble, blant anna Danmarks Radio Big Band, Oslo Sinfonietta og Trondheim Jazzorkester.

Mellomanna spelte han med stor suksess saman med Trondheim Jazzorkester under Jazzfestivalen i Molde i 2012. Ein konsert som blei kalt «tidenes konsert i Molde».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.