Kultur | 25. okt. 2017

– Urkrafta frå Os gjer suksessen

Thomas Helgesen, Bente Bratlund, og snart Fonos, gjer suksess på Oseana. Kvifor?

– Urkrafta frå Os gjer suksessen
Bente Bratlund, Thomas Helgesen og Fonos med dirigent Stine Kobbeltvedt er alle lokale kulturkrefter som gjer suksess på Oseanascenen (foto: AH/KVB)
Andris Hamreonsdag 25. okt. 2017 12:17

Denne helga har vore ei suksesshelg med lokale krefter i sving i Oseana kunst og kultursenter. Først med Bente Bratlund si jubileumsframsyning, så med Thomas Helgesen sitt standup-show, før dei heile blei avslutta med Hans & Grete, kor barn frå Os barneskule var medverkande.

– Det har slått ei deilig varm bølgje over Oseana denne helga. Eg kan nesten ikkje hugse at eg har hatt det så gøy sidan opningsveka, seier arrangementssjef Berit Steen, som fortel om masse hyggelege tilbakemeldingar både via facebook, ansikt til ansikt og til restauranten som la til rette for fest etter Thomas Helgesen sitt show laurdag.

Gler seg på eigne og andre sine vegne

Neste ut, i tillegg til Helgesen si utselde ekstraframsyning 10. november, er koret Fonos, som etter to år i Os kyrkje er tilbake i kulturhuset 10. desember.

Dirigent Stine Kobbeltvedt gler seg over at konserten nesten er utseld.

– Det er heilt fantastisk. Vi gler oss stort til å komma tilbake til Oseana. Allereie i juni hadde vi seld nesten 200 billetter og det til trass for at vi har hatt pause og ikkje vore synlege i heile vår.

– Kva tenkjer du om den suksessen, både Fonos, Bente og Thomas opplever som lokale kulturkrefter med fulle hus?

– Det er utruleg kjekt. Eg trur det handlar om at Os trass alt ikkje er ei så stor bygd og at osingane har lyst til å følgja opp og støtta sine eigne. Dessuten så tek lokale aktørar opp lokale ting som alle kan kjenna seg att i.

– Det opplever eg litt med Fonos også. Folk kjenner oss, så humoren og tilnærminga er kjent for folk.

Håper på meir

Kobbeltvedt er full av lovord av dei to andre framsyningane.

– Bente Brattlund og Frøydis Flotve si framsyning blei både morosam og vakker og var kjempefin. Thomas Helgesen sitt show har eg diverre ikkje fått sett, men folk eg har snakka med seier dei kjente seg att.

– Vi har så mange fantastiske krefter i bygda. Det er så flott når dei får komma fram på ei så stor scene som i Oseana. Det er tydeleg at folk vil ha det. Eg er veldig glad Oseana har gitt dei sjansen og håper dei bookar inn fleire lokale i tida som kjem.

– Vi skal legga tilrette

Steen forsikrar at det ikkje skal stå på kulturhuset og at dei har lyst på meir lokal kultur.

– Men det er viktig å presisera at dette er ikkje noko vi har funne på. Det gøye her er at det er lokale krefter som har kome til oss, så har vi lagt til rette for at dei skal få utfolda seg.

– Krafta kjem frå osingane sjølv. Eg tru nettopp at det er den urkrafta som har gjort det til ein suksess, seier Steen og legg til at dørene er opne.

– Er det fleire som går svangre med draumar og idear så er det berre å ta kontakt. Vi skal opne dørene.

– Det må vera noko i lufta på Os, som stimulerar så fantastisk flotte kreative krefter som vi har sett i haust. Hausten blir ikkje den sama uten ei lokal storhelg som vi nettopp har lagt bak oss.

Ekstrakonsert med Fonos

Etter at Midtsiden snakka med Kobbeltvedt og Steen er det blitt klart at det blir ekstrakonsert også med Fonos. Det er per i dag berre femti billettar igjen til den første konserten.

– Konserten blir same dag som den opprinnelege konserten, men to timar seinare klokka 20. Billetten blir lagt ut for sal på fredag, fortel Torgeir Skjælaaen, styremedlem i Fonos.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.