Lokal | 03. feb. 2009

Uro og ulovleg børseaksjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. feb. 2009 09:43

Bilistar som sto i ferjekø meldte i går frå om børseaksjon på ferjekaien.

- Eg veit ikkje kva dei samla inn pengar til, men for å driva ein slik aksjon skal ein ha avtale med grunneigar. Vegvesenet hadde ikkje gjeve løyve, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Den siste tida har Nore Neset vore plaga med ein del hærverk. Ei gravemaskin blei knust i haust og den nye kunstgrasbanen har fått svimerke midt på spelematta.

- I 21.30-tida måndag kveld rykte ein patrulje ut på melding om ungdomsbråk vel Nore Nores Aktivitetshus, fortel Dalen.

Vaksne som hadde kome forbi ein ungdomsgjeng som krangla og kasta ting i veggen meldte frå.

- Ungdomane var vekke då patruljen kom fram, men vi har namn å gå etter, dersom saka blir følgt opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.