Uroa etter heimetap
Alt gjekk som det skulle i årets første heimekamp for damelaget. Fram til pause.


Etter siger i tre av fire bortekampar spelte Os årets første heimekamp sundag. Motstandar var nyopprykka Fana, eit lag som har starta sesongen i 2. divisjon bra, men som består av fleire unge og urutinerte spelarar.
- Dette er heilt klart eit lag vi skal slå, og i alle fall eit lag som ikkje skal få oss så ut av stilen på heimebane som det dei gjorde i går, seier Os-trenar Kenneth Husebø.
Os leia 15-13 til pause, men tapte med heile 10 mål, 22-32.
- I første omgang var vi trufaste til strategien og styrte kampen. Eg er veldig nøgd med første omgang, og vi burde ha leia endå meir til pause.
- I andre omgang skulle vi halda fram i same stil, i staden gav vi vekk nokre mål, og så blei det panikk, fortel Kenneth.
Framfor 175 tilskodarar gjorde Os-jentene tekniske feil, avslutta for tidleg og missa på innspel til strek. Det kom kontra på kontra imot og heimelaget mista både leiinga og stilen.
- Det er greit at vi stilte med ein tynn stall, berre to vingspelarar og éin strek/back på benken. Men vi må få tilbake gutsen Os-jentene alltid har vunne kampar på, seier trenaren, som hadde ein lang prat med jentene etter kampen.
Les meir om kampen på osturn.no/handball.
Neste oppgåve for handballdamene til Os blir på bortebane mot Kjøkkelvik 31. oktober.
SJÅ TABELL