Lokal | 15. apr. 2019

Urovekkjande mange meldingar om hasardiøs køyring

Politiet fortel om ei helg i trafikkens namn - ting tyder på at mange har lagt om til sommardekk.

Urovekkjande mange meldingar om hasardiøs køyring
Trass i ekstra fokus på trafikk og fart dei siste vekene, fekk politiet i Os inn uvanleg mange tips om hasardiøs køyring i helga. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 15. apr. 2019 19:15

Natt til i dag var det ei trafikkulykke på Ulvensletta ved flyplassen. To bilar var innblanda, og seks ungdommar vart tekne med til legevakten for sjekk etter ulykka.

Ei oppbremsing grunna hjort i vegbanen er kva som er opplyst som årsak, men politiet etterforskar saka vidare.

Kan ikkje hugsa å ha fått så mange meldingar på éi helg

Politibetjent ved Os lensmannskontor, Sindre Hallem, fortel om ei uvanleg helg for politiet;

– Vi kan ikkje hugsa sist vi fekk så mange meldingar frå publikum om hasardiøs og uvettig køyring - på éi helg.

Kombinasjonen av fint vêr, og at mange no truleg legg om til sommardekk ser ut til å føra med seg ei trong til å testa grensene yttarlegare.

– Det er meldt inn stygg køyring frå alle kantar av bygda. I nokre av tilfella er det èin bil åleine, andre gongar tre til fire bilar som driv det som mest liknar eit kappløp. Hallem understreker at det ikkje berre er bilar som soknar til Os som er problemet, men at det verkar som det er ei gruppe sjåførar som køyrer fort rundt i heile fylket.

Hald fram å melda frå til politiet - vi finn ofte meir på bilane

Hallem fortel at politiet vil ha tips frå publikum om nokon ser eller opplever uvettig køyring i bygda.

For to veker sidan fekk politiet tips om stygg køyring i Hegglandsdalen.

Same veka hadde politiet i heile Noreg ekstra fokus på trafikk og fart, noko som førte til fleire reaksjonar i Os.

– Sjølv om vi ikkje alltid klarar å ta dei fartsglade på fersken, kjem det ofte noko godt ut av tipsa vi får inn; til dømes vart fleire av bilane vi fekk tips om i helga avskilta grunna feil og manglar på bilane. Treff vi på dei etter eit tips, stoppar vi dei for ein prat og sjekk av bilen. Då er det ikkje uvanleg at det er meir enn berre fart som er problemet, seier Hallem.

– Vi er òg veldig interessert i tips om det er spesielle tider på døgnet publikum opplever stygg køyring.

Hallem fortel at det er nedslåande å få inn så mange meledingar på så kort tid, spesielt etter aksjonsveka og mykje mediadekning rundt problemet.

– Det er skuffande at nokre tek så lite omsyn, og utset både seg sjølv og dei rundt seg for stor fare.

Laurdag ettermiddag gjennomførte politiet ein trafikk-kontroll ved Ulven leir. 53 bilar vart kontrollert, og èin bilførar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.