Usemje om leiarverv
Kommunesamanslåinga: Os og Fusa kranglar om samansettinga av fellesnemnda og spesielt om leiar skal få dobbeltstemme.
I det store og heile har samtalane i styringsgruppa for kommunesamanslåing gått greitt og minneleg for seg, men på eit punkt har ikkje dei to kommunane klart å bli semde.
– Det står i intensjonsavtalen at vi skal vera fem frå Os og fem frå Fusa. Det står vidare at fellesnemnda skal søkje å oppnå konsensus i alle avgjerder eller at ting blir avgjort med allminnleg fleirtal. Ved usemje kan fellesnemnda vurdere å utsette saka til nytt kommunestyre er satt.
– Det er greit at vi skal oppnå konsensus eller avgjera ting med allminneleg fleirtal, men fem pluss fem blir ti, og kommunelova er tydeleg på at leiaren si stemme blir dobbeltstemme ved stemmelikheit.
– Vi frå Os meiner at vi skal ha leiar i fellesnemnda med bakgrunn i at samansetninga av nemnda skal gjenspeile innbyggjertalet i kommunane. Det synes representantane frå Fusa er tungt å svelgje, orienterte ordførar Marie Bruarøy (H) om då kommunereforma sto på dagsorden i formannskapet tysdag.
I inndelingslova står det at nemnda bør spegle av innbyggjertalet i dei enkelte kommunane.
Kor mykje er dobbeltstemma verd?
Rådmann Christian F. Fotland peika på at det ville vera vanskeleg å nytta seg av dobbeltstemma i ei nemnd som har som oppgåve å føra to kommunar saman.
– Det vil vera utruleg krevande å nytta dobbelstemma i eit slik utval. Eg trur du berre kan gjera det éin gong. Då er dillemmaet skal du nytta den, eller skal ein ta eit nytt møte om tre dagar for å forsøka å oppnå konsensus etter å ha gjort eit stykke arbeid i mellomtida? Det spørs kor mykje den dobbeltstemma er verdt, påpeikte Fotland.
– Eg har vore tydeleg på at vi må freiste å bli einige i nemnda. Det er trass alt den nye kommunen vår det er snakk om, supplerte Bruarøy.
Har jo alltids ein mynt...
Ordføraren inviterte dei andre formannskapsmedlemma til å komma med deira synspunkt.
– Eg trur vi har ein mynt, fleipa Nils-Anders Nøttseter (MDG) med referanse til då opposisjonen skulle velgja styrerepresentant til Lyseparken, før han held fram i ei litt meir alvorleg tone;
– Eg er glad i tydelege og forutsigbare prosessar. Vi må få til ein løysing som gir ei avklaring i sakene som seier at ein ikkje må venta på neste kommunestyremøte. At det bør vera ein leiar er det inga tvil om.
– Intensjonen om at vi skal bli einige er god, men vi som har vore i politikken ei stund veit at det ikkje er enkelt å få til og at det av og til, i nokre få saker, kan vera naudsynt å nytte ei dobbeltstemme. Vi kan ikkje la sakene stå og stampe fordi vi ikkje blir einige. Eg støtter veldig at det er vi som bør ha leiaren, supplerte Jon Sivert Rykkel (V).
– Då oppfatter eg at eit samla formannskap seier at vi skal ha leiaren, og at vi skal søkje å bli einige i fellesnemnda gjennom forhandlingar, konkluderte Bruarøy.
Fellesnemnda skal oppnemnast på eit felles kommunestyremøte for dei to kommunane 24. august.