Ut av bilen for å slå
Ein mann på veg heim blei utsett for vald av ein framand som kjørte forbi i bil. Politiet er interessert i tips om kvit bil.
Det har vore stille for politiet i Os i natt, bortsett frå ein episode i 3-tida.
– Klokka 02.58 ringte ein mann og fortalte at han hadde blitt slått, seier operasjonsleiar i Hordaland politiditrikt, Ole Geir Magnussen.
Mannen var på veg ein til fots og var ved Hagavik Hjemmebakeri då ein bil stoppa ved sidan av han. Ut kom ein mann som gjekk bort til han og slo han i mageregionen, gjekk inn igjen i bilen og kjørte vekk.
Det var fleire personar i bilen, som er kvit, men berre éin som var involvert i valdsepisoden.
– Vedkomande skal ha vore ukjent for fornærma. Patruljen hadde ein prat med fornærma og noterte beskrivelse på gjerningsmannen, og eg vil tru at politiet i Os er interessert i tips om denne kvite bilen, seier Magnussen.