Lokal | 21. okt. 2011

Ut og inn av PBU

Han er på 3. plass hos Høgre etter valet, men blei ikkje innstilt til nokre av utvala. Men no er Jonny Garvik tilbake.

Ut og inn av PBU
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2011 23:12

Høgre har 2 av 9 representantar i kvart av dei tre største utvala. Då dei for to veker sidan presenterte personane dei vil ha inn i desse utvala hadde det blitt hoppa bukk over Jonny Garvik.

Garvik, som sit i plan- og bygningsutvalet, hamna etter fleire personstemmer på 3. plass på Høgre si liste over kommunestyrerepresentantar, men hadde i innstillinga ikkje fått plass i nokre av utvala.

Inn igjen i utvalet

I plan- og bygningsutvalet, der Høgre har fått leiaren, vil partiet ha Ståle Skaathun som leiar. Den andre faste plassen gjekk til May Brit Haringstad Mjøs.

Les òg: Innstilt som leiar

Men denne veka fekk Midtsiden høyra at Garvik er tilbake og no er innstilt som medlem i plan- og bygningsutvalet også for 2011-2015.

Kva skjedde?

Tysdag skal nytt kommunestyre konstituerast og personane i utvala godkjennast.

– Kva er det som gjer at Garvik er tatt ut og inn av lista?

– Kommunestyregruppa vår hadde Garvik på lista, men på medlemsmøtet for to veker sidan kom det krav om å stemma over kven som skulle inn. Det blei argumentert for at vi burde ha ei kvinne i utvalet og Mjøs blei valt, fortel listetopp og varaordførar Marie Lunde Bruarøy.

– Men det burde ikkje skjedd, det er vi i gruppa som skal velja personar til utvala. Dette var ein feil og det er mitt ansvar, men denne veka gjekk vi tilbake på det og Jonny er på lista igjen.

I tillegg til at Jonny er høgt på lista ser Høgre det som nyttig, spesielt sidan dei har leiaren, og Skaathun er ny i utvalet, å ha Garvik si erfaring med vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.