Sport | 20. mai 2009

Utan endring

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2009 11:22

- For første gong i år stiller vi med same lag frå start i to kampar på rad, seier Frank Hellevik.

Os kjørte fullstendig over Hovding, og vann 5-0 på bortebane fredag 15. mai.

Desse spelte frå start, og er også med frå start torsdag klokka 18.00:
Halvard Enes, Tony Skarvatun, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Preben Borgen, Andreas Bjørnen, Torkel Hjertnes og Tim Henrik Sperrevik.

- Korleis har treningane denne veka vore?

- Heile stallen er skadefri. Vi har hatt nokre gode treningsøkter, og kjem til å vera fokusert på å jobba hardt for å skåra mot Bjarg.

Bjarg har overraska i år, og ligg med 12 poeng på fire kampar likt med Os og Tertnes på topp. Sjå tabell.

- Kampen mot Hovding blei som venta. Dei byrja sjølvsikkert og opna seg for eit betre lag. Bjarg er nok meir audmjuke, eg trur dei kjem til å legga seg bakpå. Derfor må vi nok vera tålmodige i morgon, seier Hellevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.