Kultur | 06. mai 2017

Utan KAOS i fargane

KAOS henta Kaja Van Flandern heim frå Spania for å læra meir om fargar.

Utan KAOS i fargane
Reidun Bjørø, Kjersti Døskeland, Margun Fløysand og Siri Henne Lanos er fire av KAOS-målarane som i dag har siste kursdag med Kaja van Flandern. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 06. mai 2017 09:34

Denne veka har KAOS (Kunstamatørar i Os) samla seg i fjerde høgda i «DNB-bygget» i Brugata.

– Vi er veldig takksame for at brørne Aspenes hadde eit lokale å låna oss då vi henta heim Kaja Van Flandern frå Spania for å halda kurs for oss. Vi starta måndag 1. mai og held fram til laurdag, fortel Reidun Bjørø.

Korleis finna fargane?

Kaja Van Flandern er utflytta osing, som mellom anna var med i atelieret som i si tid heldt til i Vindu mot Fjorden i Hamnevegen.

• Les òg: – Ei fantastisk tid i «Visningssenteret» (2013)

– Det eg har tatt utgangspunkt i på kurset er fargelære. Vi har nytta oss av fargestjerna som blei utvikla på Bauhaus i Tyskland. Det var det største akademiet der nede inntil nazistane stengde det under krigen. Dei dreiv faktisk eiga forsking på fargar og den forskinga bruker vi den dag i dag, forklarar Van Flandern.

Mjuke overganger

Dei sju deltakarane på kurset har etter dagar med øving og læring kome langt.

– I dag fokuserer vi på korleis få dei mjuke overgangane mellom fargene. Ei utfordring er ofte at det blir litt for skarpt. No gjeld det å mala mjuke overgangar ved hjelp av å blanda fargar ved hjelp av fargestjerna, forklarer Van Flandern.

Kvinneleg sans

Van Flandern er kjend for sine klassiske bilde, i hovudsak av kvinner.

– Gjennom historia er det få kvinner som har mala sitt eiga kjønn. Det ville eg gjera noko med då eg tok utdanninga mi. Det er viktig at kvinnekroppen og kjensla for eigen kropp kjem fram, meiner eg.

– Difor ville eg òg, då eg hadde galleri i Ulvik, berre ha kvinneleg bildekunst. Damene har ein heilt annan sans for fargar enn det mannlege kunstnarar har.

Inviterer til Spania

Går det som damene i KAOS drøymer om er det ikkje sikkert det er siste gang dei får ta del i Van Flandern sin kunnskap.

– Vi håper jo at ho har lyst til å ta turen til Os igjen, smiler Bjørø.

– Eg har lyst til at de skal komme til Altea i staden. Det hadde vore veldig kjekt.

– Der er det eit stort kunstnarmiljø og eit heilt fantastisk lys, svarer Van Flandern med eit like stort smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.