Sport | 15. mars 2017

– Utan tvil kampens beste spelar

Fredrik Heggland får rikeleg med ros av Mons Ivar Mjelde etter siste kamp for Åsane under treningsleiren på La Manga.

– Utan tvil kampens beste spelar
Mons Ivar Mjelde kårer Fredrik Heggland til beste Åsane-spelar etter 0-0 mot Elverum. (Foto: Åsane Fotball, asanefotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. mars 2017 10:05

Osingen Fredrik Heggland, som i fjor blei lånt ut til Fana (2. divisjon) for å koma tilbake etter kneskaden han fekk i Brann-debuten, signerte med førstedivisjonsklubben Åsane torsdag 16. februar.

På tampen av treninsgleiren på La Manga får han mykje ros av trenar Mons Ivar Mjelde.

– Dagens kamp var bunnsolid og han var utan tvil Åsane sin beste spelar i kampen mot Elverum. Han viste god defensiv trygghet og rydda unna alt som kom imot, seier Mjelde til asanefotball.no.

Blir sjeldan tatt på fart

Også Bergens Tidende skriv i dag om korleis Heggland har funne seg til rette på Bergens nest beste lag.

– Han er ein veldig rask spelar, som alltid er i forkant. Det er ein force for han, han blir sjeldan «tatt» på det. Så er han aggressiv i luftduellane, seier Mjelde til BT (abo).

Åsane speler treningskamp mot Nest-Sotra søndag.

Seriestart er borte mot Tromsdalen 2. april, mens første seriekamp på heimebane går mot Bodø-Glimt søndag 9. april.

TERMINLISTE OG TABELL


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.