Lokal | 08. mars 2017
Utanlandsk førar meldt
Politiet overtok for Statens vegvesen etter kontroll på Halhjem i dag.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mars 2017 15:30
Statens vegvesen hadde kontroll av tungtransport på E39 i dag.
Dei har kontrollert åtte vogntog på Halhjem ferjekai, eitt av dei blei det reagert på.
– Vi tok køyre- og kviletid-kontroll på eit slovensk vogntog.
– Der avdekka vi brot på regelverket, og sidan det er eit utanlandsk vogntog så blei saka sendt over til politiet, fortel Knut Sylta frå Statens vegvesen.