Lokal | 06. aug. 2020

Utanlandsk mann krasja i stolpe

Politiet har oppretta sak.

Utanlandsk mann krasja i stolpe
Uhellet skjedde på Byvegen, nær 7 Eleven. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. aug. 2020 09:20

Onsdag kveld klokka 23.37 fekk politiet melding om trafikkuhell på Byvegen.

– Ein bil hadde køyrd inn i ein stolpe, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ingen var skadd, og bilen var køyrbar etter uhellet.

– Bilførar er ein utanlandsk mann i slutten av 20-åra. Det er ikkje mistanke om promille, og han hadde førarkort i landet han kjem frå. Men det blei oppretta sak og tatt avhøyr på staden.

Vegtrafikksentralen er varsla og oppmoda om å sjekka stolpen som blei påkøyrd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.