Utbrot på Askøy kan få konsekvens for Bjørnafjorden
Skal diskutera regional forskrift i dag.
Statsforvaltaren har kalt inn kommunane i bergensregionen til eit møte i dag, søndag, for å drøfta behovet for å innføra ei regional forskrift for å slå ned smitteutbrotet som særleg har råka Askøy dei siste dagane.
– Eg forstår at det kan vera vanskeleg å forstå at vi i Bjørnafjorden kommune skal vera med på å slå ned smitteutbrotet på Askøy når vi har hatt så få smitta som vi har dei siste vekene, seier kommunedirektør og leiar i den kommunale kriseleiinga, Christian F. Fotland.
– Samstundes så er det viktig å hugsa på at dette er eit svært smittsamt virus, og at det er lett å «dra det med seg heim» om vi ikkje avgrenser reiseaktiviteten på tvers i regionen.
Askøy har hatt 43 nye smitta dei siste to dagane. Bjørnafjorden kommune har 3 smittetilfelle frå 9. til 18. mars og 8 smittetilfelle dei siste to vekene.
Dagens møte blir halde klokka 13. Deltakarane blir Askøy og ni andre kommunar, inkludert Bjørnafjorden og Bergen, saman med FHI og statsforvaltaren.
– Om FHI tilrår det, må vi nok førebu oss på skjerpa smitteverntiltak den komande perioden.
Midtsiden kjem tilbake med meir når møtet er over.