Ute etter bråk?
To svaner vandra mot Halhjem ferjekai – midt i bilvegen. I fjor då dette skjedde fekk politiet litt å bryna seg på.
Medan svaneparet i Oselvo driv med hekking er det svaner på Halhjem som driv med hiking.
Tysdag var to svaner på vandring midt i E39 på Halhjemsvegen.
–Dei var svart på magen, så dei har sikkert lagt på asfalten, fortel ein Midtsiden-lesar, som tok bilde av dei to i forbifarten.
Det er med andre ord verdt å vera merksam på andre dyr enn hjort i vegen for tida.
– Ein mann med ein hund var på veg bort til dei, så han jagde dei sikkert ut av vegen. Dei såg ut til å vera heilt utkjørt.
Ikkje første gong
I februar i fjor skjedde noko liknande.
Då måtte ei hissig svane fangast av politiet i rundkjøringa ved ferjekaien, og det såg ikkje berre enkelt ut.
Les òg: Lo av politiet