Lokal | 09. nov. 2009

Utfor i rus, utan lappen

Bilen kryssa Byvegen og knuste seg gjennom autovernet. No er både førar og bileigar i søkjelyset til politiet.

Utfor i rus, utan lappen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 09. nov. 2009 11:34

Bildeserie:

1 av 3

Laurdag klokka 5.50 om morgonen fekk politiet melding om at det låg ein bil i grøfta utfor Byvegen nær Rema 1000 i Idrettsvegen. Politiet kom fram, men fann ingen i eller ved bilen. Hundepatrulje blei tilkalla, men fann ingen.

Bilen står registrert på ein kjenning av politiet, og på formiddagen fann politiet både bileigar og førar, to menn i 20-åra.

- Begge var i bilen, saman med andre, då dei kjørte utfor. Dei er mistenkt for å ha vore rusa på både alkohol og narkotika, opplyser politioverbetjent Terje Sperrevik.

Bilførar er også mistenkt for uaktsam kjøring, og for å ha kjørt utan førarkort.

Bilen hadde retning Os då den skar over i motsett kjørefelt, knuste gjennom autovernet og landa mellom vegen og Banktjørn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.